I kveld var det pause i aktiviseringskurset.. Gro Anita spurte om det var nokon som ville rundere. Det viste seg at vi blei 7 ekvipasjar. Lenge sidan vi har vore så mange. Og så på ein måndagskveld! Alle hundane fekk gode økter. For oss tobeinte blei det 3,5t i aktivitet. For Gry/Silja og oss blei det ein halvtime til. Bare for kosen. No snorkar bajasen lukkeleg.
Ekko var sistehund ut. Han skulle rett i leik. Her er det litt kondistrening som var tema. Sidan vi var såpass mange, fekk vi tid til å varme opp. For Ekko var det det same som fulle guffe i skogen. Han hadde visst lada opp ei stund. Sprang og nikosa seg. Eg begynte å ane at dette kunne føre til ein trøytt runderingshund. Men samstundes tenkte eg: kondis, kondis. Bare spring du.
Jan Inge var på midtlina. Marit og Kristin var figurantar. Eg hadde tatt med vatn til midtlina. Og heldigvis hadde eg Gry til å bere det for bajasen var tørst under økta.
Han sprang fint ut til dei to første. Eg såg at det var tyngre å springe ut på den eine sida. Det viste seg at trekken hjelpte godt på ei av sidene. Han sprang veldig bra på mange slag (mellom anna var han så ivrig at han stupte under fart på det eine slaget), men det var òg slag der han tydeleg trengte å kome in og få drikke.
På nestsiste slaget rekna vi med at han ikkje ville finne Marit, så vi førebudde oss på eit blindslag. Kristin var klar. Og eg skulle akkurat rope han inn. Då kom meldinga om funn. Bra. han hadde altså ikkje gitt opp, men leita seg fram. Godt jobba. Og full guffe ut til siste slaget. Då var eg nøgd med kvelden.
Kvelden blei avslutta med tur saman med Gry og Silja. 4 timar ute i frisk luft i tillegg til 3,5t ute som streikevakt. Mykje frisk luft på ei kontorrotte dette.
Firbeintblogg
Vi trener...
tysdag 5. juni 2012
laurdag 2. juni 2012
Fin dag i Sælandsskogen
Litt over ni var 5 hundar og eigarane klare for ei runderingsøkt. Det var sol, men kaldt. Heldigvis tok ikkje vinden her i skogen.
| sovande i skuggen |
Sidan eg hadde lånt vekk lausbitta mine, tenkte eg at han kunne få gå rett i leik. Og Ekko takka for det. Han var ikkje så veldig gira på leiking heile tida, men til gjengjeld sprang han flott mellom figurantane. Tunga slepte omtrent bakken, men farten var fin. Det var kun ein gong han viste gamle tendensar med å springe 3-4 m ut og så begynne med tissing, grasspising mm. Fekk han då inn. Figurant knekte ei kvist og Ekko var i gang igjen
Då han var veldig sliten, kom figurantane nærmare. Veit ikkje kor mange slag det blei, men mange blei det i alle fall. Herleg!
Og når ein etterpå kan slappe av på terrassen og hunden snorkar der han ligg i skuggen, er livet ganske så godt.
| medan matmor nyt sola |
Etiketter:
rundering
| Reaksjoner: |
torsdag 31. mai 2012
Varmt-kaldt. Sløving-trening
| Kor blei kompisane mine av? |
I varmen i helga trente vi lite. Det var mest korte tisseturar om dagen og lengre tur om kvelden. Heilt ok, syntes Ekko. Han ville i grunnen bare ligge ute og varierte mellom plen og terrassegolv.
Det kjekke var å gå tur saman med tenåringane. Få seg ein flokk å passe på. Stor fortviling då dei forsvann og like stor lukke då dei dukka opp igjen.
| Proffen taverna |
Onsdag kveld var eg invitert på trening saman med den gamle retrievergjengen. Det var triveleg. Ekko blei trent på stå på kommando. Eg brukte tennisball. Og det er sterke saker for bajasen. Han er god på stå når eg går bakover, men alt var borte då han skulle gå fot og få kommandoen. Då tenkte han bare på ballen ;). Er visst på tide eg set i gang med den delen av treninga.
Etter trening var det heim for å varme seg litt. Og Ekko slokna nøgd...
Etiketter:
brukstrening,
tur
| Reaksjoner: |
måndag 21. mai 2012
Tunnelsyn og varm slalomform
![]() |
| VI har brått fått sommar. |
Vi starta med stafett. To lag. Renate, Kristin og eg jobba saman. Vi skulle kaste ein gjenstand, hunden skulle hente og kome inn og avlevere, så neste hund... Det gjekk fint med Ekko, men er litt slitsomt å arbeide med så mange ukjente hundar for han. eg må vere på vakt. Det er ikkje problem med at Ekko spring til andre, men eg kan ikkje stole på at andre ikkje kjem springande til han.
Stafetten hadde to omgangar og vi vann. Tjo hei!
| Tør eg dette då? Ekko i 2008 |
Slalom. Dette har vi prøvd på før, men helst litt tilfeldig. Dette var sett opp med 60cm avstand. Ekko starta med å jukse og ta to om gongen. Ghita gav meg nokre tips om korleis eg skulle få han til å ta ein og ein pinne. Vi arbeidde med det . Siste økta var han så varm at han sleit med å forstå at han måtte gå litt. Såg med lengt på dei som fekk springe i tunnelen. Trur den var lukka i dag.
Det er så tydeleg å sjå at hundane koser seg når vi gjer det. Mykje latter og masse oppmuntring og gode innspel frå kursleiar og kvarandre. Dette er vitamininnsprøyting.
Etiketter:
kurs
| Reaksjoner: |
laurdag 19. mai 2012
Sporvill eller villspor?
I dag var det Lise & Scott og Bajasen og meg som skulle trene. Vi drog til Dale for å trene spor. Eg sendte Lise avgarde med mobilen min. Endomondo er eit greit program å bruke når ein har med seg GPS utan batteri.
Sporet ho gjekk var 490m. Ho gjekk det på 17 minutt.
Eg gjekk sporet til Scott. Fiskepudding var agn undervegs.
No skulle spora ligge og godgjere seg.
I mellomtida dreiv eg kondisjonstrening på Ekko. Kasta ball med slynge. Han fann etterkvart på grunnar for å legge seg ned med ballen. Ikkje akkurat spreking, men var på hogget kvar gong eg kasta. Godt jobba.
Han fekk og trent seg på sosialisering med Scott. Vi hadde bilane ved sida av kvarandre. Scott slappa av. Ekko gjorde ikkje det, men han kikka bare bort på Scott utan at han syntes han var farleg. Men godbitar ville han ha. Men fin trening for han.
Sporet? Tydeleg ei stund sidan sist og dette er jo så kjekt. For ein fart! Eg hang i langlina bak. Og eg som hadde gløymt å ta på meg fjellskoa. Trø-i-sko er ikkje tingen i dette terrenget. Eg trudde han rota fælt for det såg meir ut som han var på dyrespor enn menneskespor. Men der var 1.gjenstand. Lise trur den var flytta på. Truleg har det gått både folk og hund i området i mellomtida. Vidare med oss i eit visst tempo. Her skulle ar det snakk om rekordtid. Ikkje visste eg at vi var med i ein konkurranse...
No virra han veldig, men ville framover. Spurte Lise om vi var på sporet. Ho var usikker. Vi skulle krysse stien i alle fall. Eg fekk bare henge på. Gjett kven som gjekk rett på gjenstand 2? Ekko, sjølvsagt. Vidare i eit lettare terreng å gå i. Her ville han gå andre stader enn meg. Eg trudde at Lise hadde fulgt noko som likna eit lite tråkk. Men ikkje Ekko. Brått hadde han gjenstand 3. Eg blir litt mållaus av eit spor som verkar heilt tullete, men som fører til alle gjenstandane.
No var det bare slutten. Her begynte rotet. Då vi begynte på sporet, såg vi ein familie med hund gå på stien oppover skogen. Då vi kjem ut på stien igjen, begynner Ekko å gå i ein annan retning enn sporet er. Då vi kjem til ei myr, får eg bekrefta av Lise at ho ikkje hadde gått der. Får stoppa han. No virrar han veldig, men så er han på hogget igjen. Feil veg i følge meg. Lise er òg usikker. Men ok. Eg har lært at han stort sett bør følgast når det er noko han vil sterkt. Og der såg vi sluttsløyfa. Han hadde funne baksporet til Lise.
Konklusjon: Vill fart. Forvirra matmor. Alle gjenstandane funne. Eg må gå oftare spor. Dette tempoet er det lenge sidan eg har opplevd. Det kan vere den ferske hundelukta gjorde sitt. Men aligavel.... Sporet eg gjekk (tok ikkje alle svingane Ekko virra i mot slutten) var 550m og tok 19 minutt. Farten var på maks 2,63 km/h...
Av sporloggen ser de kor rotet startar. Grunnen til at han ikkje går direkte i det som ser ut som sti/vei er at der er det skikkeleg sorpevatn (og der gjekk nok neppe familien heller).
Takk for hjelpa, Lise.
Sporet ho gjekk var 490m. Ho gjekk det på 17 minutt.
Eg gjekk sporet til Scott. Fiskepudding var agn undervegs.
No skulle spora ligge og godgjere seg.
I mellomtida dreiv eg kondisjonstrening på Ekko. Kasta ball med slynge. Han fann etterkvart på grunnar for å legge seg ned med ballen. Ikkje akkurat spreking, men var på hogget kvar gong eg kasta. Godt jobba.
Han fekk og trent seg på sosialisering med Scott. Vi hadde bilane ved sida av kvarandre. Scott slappa av. Ekko gjorde ikkje det, men han kikka bare bort på Scott utan at han syntes han var farleg. Men godbitar ville han ha. Men fin trening for han.
| Sporet Lise gjekk |
No virra han veldig, men ville framover. Spurte Lise om vi var på sporet. Ho var usikker. Vi skulle krysse stien i alle fall. Eg fekk bare henge på. Gjett kven som gjekk rett på gjenstand 2? Ekko, sjølvsagt. Vidare i eit lettare terreng å gå i. Her ville han gå andre stader enn meg. Eg trudde at Lise hadde fulgt noko som likna eit lite tråkk. Men ikkje Ekko. Brått hadde han gjenstand 3. Eg blir litt mållaus av eit spor som verkar heilt tullete, men som fører til alle gjenstandane.
| Sporet Ekko hasta seg gjennom |
Konklusjon: Vill fart. Forvirra matmor. Alle gjenstandane funne. Eg må gå oftare spor. Dette tempoet er det lenge sidan eg har opplevd. Det kan vere den ferske hundelukta gjorde sitt. Men aligavel.... Sporet eg gjekk (tok ikkje alle svingane Ekko virra i mot slutten) var 550m og tok 19 minutt. Farten var på maks 2,63 km/h...
Av sporloggen ser de kor rotet startar. Grunnen til at han ikkje går direkte i det som ser ut som sti/vei er at der er det skikkeleg sorpevatn (og der gjekk nok neppe familien heller).
Takk for hjelpa, Lise.
Etiketter:
spor
| Reaksjoner: |
Abonner på:
Innlegg (Atom)
